[ Tilbake

.Kolle og kalv på Eirik

Eirik og Ove på ny tur til Fjærland og i dag blei det kolle og kalv på Eirik. Då dei kom inn såg dei kun eit par dyr langt oppe i liene, men etter ei god stund såg dei at det kom kolle og kalv framover frå Ingvard, desse hadde brukbar fart og det gjekk ikkje lenge før dei var komne fram til Øyadn til André og fortsette framover mot oss gjorde dei, ein kan lure på om det var desse dyra dei hadde sett kvelden før men som då trekte inn i skogen i enden av marka mot lia og forsvant. Eirik skaut kalven først, denne datt etter nokre få meter, kolla sprang då litt heimover og så litt framover att, slik held ho på ei stund men til slutt stoppa ho opp og Eirik skaut. Dyret viste tydeleg skotreaksjon men sprang rett inn i skogen tvers over for bua. Etter ei stund kom det ein rev som ville ha litt hjortekjøt så denne byrja å sirkle rundt kolla som låg der då var ikkje karane seine med å hente kolla. Desse dyra var helst litt små i størrelsen så det var ok å få teke dei ut.

Kolle og kalv for Eirik i dag. Det er ikkje slik at eg har mala dette bildet sjølv om det kanskje kan sjå slik ut :)