[ Tilbake
.Stor spissbukk i Daurmåla
Både Eirik og Ove sette seg i bua på Daurmålsmarka denne kvelden, Ove rett nok utan rifle denne kvelden. Det stod kolle og kalv å beita på marka der då dei skulle gå bort. Dermed vart det å smyge seg bort, først for Eirik og ei lang stund etterpå for Ove. Eirik klarte å kome seg usett bort i bua på trass av kavringføre og at dyra berre stod ein 60-70 m frå bua. Det var kaldt for Ove å vente så han fann ut at også han måtte prøve å kome seg inn i bua, dette gjekk bra også for han. Kolla og kalven fortsatte å beite og etter ei god stund la kalven seg ned fremst på marka medan kolla fortsette å beite. Etter ei god stund stod kalven oppatt men då la kolla seg nederst mot merkjesgjerdet, då gjekk kalven ned til ho.No vart det på nytt å vente og omsider reiste også kolle seg men då gjekk dei begge to inn i skogen nede ved merkjesgjerde og borte vart dei og ikkje kom dei att heller. Ei stund etter at dei forsvann så ville Ove tenne på ovnen i bua, før han gjorde det måtte han setje stolen så lang borte som muleg slik at han kunne legge seg ned å få fyr på ovnene. Etter å ha fått fyr i ovnen reiste Ove seg att og akkurat då sa Eirik at det kom eit dyr framme frå dalen, Ove sette seg ned att men der var det ingen stol, dei blei eit sabla rabalder men bukken estimerte ikkje bråket og Eirik fekk sett inn eit skot på bukken. Dette var ein stor flott spissbukk, ikkje mykje lik den Ove skaut to dagar tidlegare |
Stor spissbukk til Erik i kveld |