[ Tilbake

.Fjorkolle ved Vetleløa

I kveld kom Eirik for å jakte med oss nokre dagar. Han kom til Sogndal i halv 11 tida om kvelden og karane drog sporenstreks til Fjærland. Då dei kom inn såg dei eit par dyr gå inn i skogen nede ved Storelva, Ove tenkte at desses dyra gjerne ville krysse elva og gå bort i Daurmåla. Ove gjekk inn i Vetleløa medan Eirik gjekk inn i bua på Daurmålsmarka. Diverre kom ikkje desse dyra bort på marka der så Eirik fekk ikkje sjå noko meir til desse. I Vetleløa vart Ove var eit dyr som kom ned frå Engjasvåi, dette byrja å beite og kom nærare og nærare gluggen til Ove og dermed vart det ei fjorkolle på han.

Flott fjorkolle i kveld