[ Tilbake ]

Bukk i Daurmåla

Dette var 3. natta Ove prøvde seg på måneskinnsjakt, dei to første nettene var resultatlause ikkje for at det ikkje var dyr der men på grunn av mykje skodde og generelt dårleg vær. Sist natt derimot vart været betre og omlag kl 23:00 kom dei første dyra, det auka på med dyr utetter som klokka gjekk og på det meste var det 8 dyr der, 2 bukkar og 3 par koller med kalv. Desse observerte Ove med hjelp av termisk spottar, men det var heilt uråd å sjå dyra i kikkertsikte då dei heile tida beita med skogen bak seg. Klokka 02:30 såg det ut til at eit par kolle/kalv beita seg fint utpå bøen men diverre så stoppa desse opp før det var forsvarleg å skyte, men no kom det og ein bukk gåande og han kom nærare og nærare bua og då bukken var omlag 50-60 m frå Ove så kunne han endeleg skyte og bukken datt rett ned to meter frå Ove si reveåte

 Ove og Daurmålsbukken