[ Tilbake ]
Ny kolle i dag
Tormod og Ove ville ha seg ein tur til Fjærland i ettermiddag, då dei kom inn ca kl 14:30 såg dei eit einsleg dyr langt nede i lia, dei fann ut at Ove skulle postere i håp om at dyret kom heimover. Tormod hadde full kontroll på dyret som då fann ut at det skulle legge seg og vendte kroppen motsett veg av der Ove posterte, noko som er eit dårleg teikn. Langt om lenge sa Tormod at dyret hadde reist seg opp og at det var på veg ned og at han no hadde mista det av syne. Det skulle gå endå ei god stund, nærare klokka 17:30 og lyset var byrja minke, då Ove fekk sett kolla inne i skogen dermed gjekk det berre eit knapt minutt så var dyret skote. |
|
Ove med kolla |