[ Tilbake ]
.13-taggaren ved Trygveholten
Ettermiddagstur på Asle og Emil. Dei skulle enten oppå Endrefjellet
eller fram til overspranget. Dei såg dyr under Trygveholten på veg
opp til Midtstølen, og høyrde det brøla på Endre og i Bukkali. Så då
vart valet endå vanskelegare.. Dei bestemte seg for først å prøve seg på dyret under Trygveholten. Sneik seg inn i gapahuken og sette seg der og kika på dyret. Dei såg berre eit, men trudde det var K/K sidan dei hadde sett dei der nokre ganger før. Brått begynte dyret å bevege seg ganske kjapt framover. Nesten så det var litt skremt. Det skulle visa seg at det ikkje var Asle og Emil som «skremte» det, men ein bukk som kom ned lia i frå over Trygveholten. Denne hadde dei høyrt bura ei stund utan å ha fått sett han. Den var tydeleg interessert i fjorkolla (var ikkje K/K) som dei trudde, og bukken tok seg framover på andre sida av elva i bra fart, tydeleg på jakt etter å sjekke om ho var klar. Asle og Emil bestemte seg for å forlate gapahuken og snike seg framover langs elva dei og, men desse to då på gapahuksida. Dei såg dyra trekte framover, men brått snudde bukken og tok seg nedover att, fjorkolla vart verande igjen. Dei følgde med bukken i nokre minutt medan den tok seg roleg nedover. Den gikk i retning av eit litt ope område. Stoppa opp i litt busker før det opne området. Stod der eit lite minutt før den bevega seg utpå. På det minuttet vurderte Asle bukken som ein 8 tagger på ein 70-80 kg. Kan skulde på buskene (eller vurderingsevna) men den vurderinga var litt feil ja. Men som sagt, Asle er ikkje den første som vurdert feil – og neppe heller den siste. Skotet gikk og hjorten gikk ikkje langt før den datt. Dagen etter henta Asle, Ina og Ove hjorten heim ved god hjelp av ein vinsj. Ein fantastisk jaktopplevelse i og med at dei hadde «kontakt» med dyr i ein times tid før det smalt |
||
Asle med bukken |
||
Emil med13-taggaren |
Bratt så Ina må holde på hjorten |