[ Tilbake ]
Liten 7-taggar i området Storali-Fjellhammaren
Ettermiddagstur på Asle og Emil. Dei såg 4 dyr ved Fossen på veg
opp. Sneik seg innpå dei til knappe 200 meter. Såg på dei ei stund
før dyra trekte oppover. Dei gjekk vidare og fann seg ein fin plass oppe på kanten på ranen over Bjåstadstølen. Såg ganske kjapt eit dyr eit par hundre meter borti skogen som gikk og bura. Dei bura til han og han svarte og kom litt nærare. Dette skulle vise seg å være ein svær bukk og etter ei lita stund begynte den og trekke oppover over Fjellhammaren. Dei var ikkje så interessante i denne, men det var og kolle og kalv og ein liten bukk som var oppi der, denne bukken turte ikkje anna enn å trekka nedover når den store kom oppover. Dette passa utmerka for Asle og Emil for då kom han rett mot dei. Den brukte lang tid, men nærma seg stadig. Bura ikkje, men det gjorde karane til han! Om dette var grunnen til at han kom å nær som 100 meter frå dei er ikkje godt å seie men då fekk han da i alle fall! Resten er ikkje noko å skriva om, men eit slit blei det, bukken burde nok ha vorte partert oppi der! |
|
Asle med 7-taggaren |
|
Emil og 7-taggaren |