[ Tilbake ]
Fjorkolle i Bjåstadlia
Laurdagsettermiddag blei det på ny ein jakttur. Tormod ville prøve Bjåstadlia og Ove og Eirik tok turen ut på Homrane for å sjå om dei kunne sjå dyr nede ved sjøen under Berge, noko dei ikkje gjorde så dei returnerte til Berge og køyrde vidare ned mot Bjåstad og der kom Tormod gåande, "Ho datt ikkje i smellen" sa han, "Har du skote" spurde me, "Ja" sa han, "ho ligg oppi bakken litt over og til venstre for bunkersen". Eirik blei no med Tormod for å dra ned dyret medan Ove køyrde ned til Bjåsta for å ordne med lys på bana og utstyr til slaktinga. Det må seiast at dette blei ei kjapp jakt |
|
Tormod med sitt første dyr for sesongen, ei lita fjorkolle |