[ Tilbake ]
8 taggar under Vetleløa
Tormod og Ove køyrde inn tidleg om morgonen i dag, planen var først og fremst å sjå om det var dyr på Bjåstad som det kunne jaktast på, skodda låg tjukk der så dei køyrde vidare inn i Supphelledalen, like før dei køyrde ned snevegen som leiar bort til Daurmåla tykte dei at dei såg eit eller anna på bøen dei køyrde langs og der stod det ein bukk å beita. Dermed blei planen skifta fort som svint og Tormod køyrde Ove til Vetleløa slik at han kunne hoppe inn der. Tormod køyrde no veldig seint tilbake slik at dei håpa at bukken blei oppteken med å sjå på bilen om at Ove dermed kunne kome seg inn og gjere seg klar inne i løa. Dette gjekk fint, Ove opna deretter vidauget og etter litt tid var bukken sine dagar talte |
|
Ove med årets første bukk |