[ Tilbake ]

Forkolle i Bjåstadlia

Tormod og Ove reiste inn til Fjærland for å sjå om det kunne vera dyr framme i Brelid i Supphelldalen, men på vegen inn stoppa dei litt på Berge for å sjå om det var dyr i Bjåstadlia. og det var det, dei såg kolle, fjorkolle, kalv og ein spissbukk. Det dei likevel hadde tenkt på var å sjå om det var dyr i Supphelledalen så difor fortsette dei dit. Der såg dei ikkje teikn til liv så dermed var det å returnere til Bjåstad etter først så ha køyrt utover mot Jordal for å sjå om det kunne vera dyr nede ved fjorden på Berge. Der stod det berre ein stor bukk og ikkje noko anna, bukken ville dei spara så då vart det å køyre til Bjåstad att. Dyra låg då dei kom tilbake dit men etter det som føltest som mange timar så røyste endeleg dyra seg opp att.  No var det å velje rett dyr, dei hadde kun ei fjorkolle att der så det tok si tid før ein var trygg på kva som var fjorkolla og dermed datt ho.

Dagen etter datt det og ein kalv på Berge så det minkar på løyva no.

Fjorkolla klar for siste transport

Fin kalv på 34 kg.