[ Tilbake ]

Stor spissbukk ved sommarfjøsen til Anders

Eirik kom på nytt besøk og etter å ha jakta alvorleg mange timar både langt framme i Supphelledalen og på innmark utan å ha sett eit einaste dyr, dette samtidig medan det var reine zoologisk hage ved sommarfjøsen til Anders der dei hadde talt heile 33 hjort på eit avgrensa område, så fekk Ove og Eirik lov til å felle eit dyr der. Same kvelden som dei fekk lov så datt det ein stor spissbukk der, 66,7 kg. det er lenge sidan laget har felt ein så stor spissbukk, her snakkar her om ein 20-25 år sidan.

Flott dyr, gi det hadde vore standardstørrelse på spissbukkar