[ Tilbake ]

Morlaus kalv i Daurmåla.

Så blei det nok ein morlaus kalv. Ove reiste inn i Supphella i 10 tida i gårkveld for å sjå om det var dyr utpå markene. Det einaste dyret han såg var eit lite som var på naboeigedommen. Dette dyret meinte han hadde sett minst 2 ganger før den siste tida. Etterkvart trakk dyret framover mot Ove, det hopp elegant over steingjerdet og gjekk framover, Då det var komen rett framom bua, på ca 50-60 m gjekk skotet og kalven datt rett ned. Ove hadde håpa det var eit fjordyr eller ein spissbukk han hadde sett fleire gonger den siste tida, men det var altså ein morlaus kalv. Utruleg at enkelte har så låg jaktmoral at dei skyt kolla og let kalven gå ei særs usikker framtid i møte. Sjølvsagt kan alle vera uheldige og tru at kolla ikkje har kalv då dei har studert ho lenge og vel men hovudregelen er at alle koller har kalv.

Ove og kalven, vekta på kalven var omlag 28 kg.