[ Tilbake ]

Kolle, kalv og fjordyr i dag.

Tormod hadde i fleire dagar prøvd å fått skote kolle og kalv på Bjåstad men heilt fram til i dag hadde det ikkje lukkast, ikkje fordi det ikkje hadde vore dyr men heller at dei kvar dag hadde stått så krøkkete til at å skyte ikkje hadde vore tema. I dag derimot så stemte alt, Ove sat i bilen på utkiksplassen og geleida Tormod det beste han kunne. Endeleg kom kalven i skotposisjon og han datt momentant, kolla sprang nedover og var då ikkje i skytbar posisjon men ho tok seg opp att til kalven og dermed datt ho og rett ned. Litt seinare datt det også ei lita fjorkolle, denne var så lita at ho vart rekna som skrap og dei fekk eit nytt fjordyrløyve etter at valdformannen hadde godkjent vekta på ho. Konklusjonen blei at dette vart ein særs vellukka dag.

Tormod med kolla og kalven

Fjorkolla som blei vekta som skrap