[ Tilbake ]

Kolle og kalv på Berge.

Asle høyrde buring i området kvelden før og bestemte seg for å reise opp for å sjå om det var aktivitet der i dag og. Han gjekk roleg oppover men ingen buring å høyre. Han fann seg ein plass då han kom opp i området og sette seg ned for å bure.

Plutseleg ser han kolle, kalv og bukk kome gåande i skogen ca 100 meter over seg. Asle la seg ned og venta til dei kom ut i eit litt ope område. Kolla går ut, men kalven let vente på seg. Etter ei stund trekker kolla seg tilbake der kalven stod. Bukken såg han ikkje meir til, men den stod og «brumma» heile tida.. Etter nokre minuttar kjem kolla utpå igjen, kalven like etter. Skyt kalven, kolla og bukk spring. Etter fem min ser han kolla kome tilbake, bukken driv fortsatt å lage dei same lydane, men han ser den aldri att. Kolla lurer seg tilbake i litt skog og går i ring før den kjem under kalven og går mot den på det litt opne området. Skyt kolla. Då er det også brått slutt på lydane frå bukken. Heile seansen tok sikkert ein halv time!

Eirik med Daurmålsbukken