[ Tilbake ]

Ny bukk i Daurmåla.

Etter å ha jakta intensivt i mange dagar så skulle det endeleg lukkast for Eirik og Ove å få eit dyrefall. Det hadde ikkje vore mangel på dyr men det hadde, som ein anna i jaktlaget seier; "vore stang ut".  I dag skulle Eirik reise heim til Larvik igjen men karane fann ut at dei ville prøve ein siste tur forbi Midtstødl på Berge, vel ut av Frudalstunnellen vart dei igjen møtt av eit himla uvær. slik det hadde vore meir eller mindre heile tida sidan Eirik kom hit. Dei bestemte seg difor istaden for å dra inn i Supphelledalen og installere seg i jaktbua der. Karane hadde ikkje vore der lenge før Ove såg ein bukk kome framme i frå, diverre var det endå ikkje heilt skytelys så bukken passerte dei på ein 60-70 meter, han gjekk vidare nedover etter å ha beita lite grann. På naboeigedomen stod det ein større bukk med ei kolle og ein kalv. Det var ikkje så interessant for den bukken å få besøk framme frå dalen så bukken som passerte dei to i bua blei jaga fram att. Det tok sin tid før han kom heilt fram til oss då gjekk han sjølvsagt bak i skogen. Ove sa til Eirik at han litt lengre framme ville kome ut i det opne i nokre meter, det gjorde den og dermed datt bukken.

Eirik med Daurmålsbukken