[ Tilbake ]

Bjåstadbukken.

Asle og Emil begynte å gå 06.15. Ingen dyr å sjå på veg opp til fossen. Då dei kom over fossen ca 07.15, begynte det å bli skytelys, då begynte også brølinga, spesielt var det ein bukk som stod oppe ved Fjellhammaren som brølte voldsomt. Asle og Emil gikk litt innover mot Fjellstølen og Emil oppdaga eit dyr gåande i frå dei og på på veg opp mot Kløyvinga. For langt hold, dei gjekk litt til og Emil oppdaga eit nytt dyr som nett hadde kryssa elva ved Fjellstølen. Det også på veg opp mot Kløyvinga. Fekk ikkje skotmulegheit på dette sjølv om det var skothald. Asle prøvd å brøla to ganger for å få det til å stoppe, utan at det reagerte. Så var også dette dyret gone. Dei gjekk vidare mot Fjellstølen då det brått brøla kraftig rett over dei. Dei bestemte seg for å finne ein ok plass i den grove bjørkeskogen og prøve å brøle den til seg. Plutseleg ser Emil bukken kjem bestemt på veg rett ned mot dei. På 10-15 meter avstand ropa Asle og den stoppa. Så pang og 30 meter forsøk på å koma seg unda, klakk ned. Ut frå den bestemte måten bukken kom mot dei så kan det tyde på at den kom på dei to brøla Asle ga mot det siste dyret som var på veg opp mot Kløyvinga. Så var moroa over. 5 timar med beinslit for å få bukken ned att til veg! Bukken på plass i bilen 16.15.

Asle og bukken frå Bjåstadstødl

Emil var med og felte denne bukken og.