[ Tilbake ]

Storalibukk.

Ove reiste tidleg på jakt i dag og. Han gjekk forbi Midtstødl i retning Fjellstød og var på plass før kl 07:00, det vil seie, han hadde ein liten stopp på Storamyri der han prøvde å lokke ein bukk til seg, det lukkast absolutt ikkje. Så difor gjekk han vidare opp til det vi kallar senga. Vel på plass var det å sjekke terrenget med den termiske kikkerten, å jau då rikeleg med dyr der, berre eit problem, det var umuleg å finne dei med riflekikkerten oe etter ei god stund trekte desse dyra heimover. Det var den sjansen tenkte Ove men han blei sitjande litt til og der vart han var to nye dyr som kom framme frå Fjellstødl området. Dette skulle vise seg å vera to bukkara, ein svær brande og ein liten ein. Ove let den store passere medan han tok den minste. Må merkast at klokka var nesten 10:00 då desse kom, det er seint på dag!

Ove med Trygveholtbukken