[ Tilbake ]

Endefjellsbukk i dag.

Asle og Emil tok turen opp på Endrefjellet i ettermiddag, på veg opp støkka dei eit eller fleire dyr, dei kryssa elva oppå Endrefjellet og sette seg ved ein stor stein noko innpå fjellet. Det var ein bra konsert i ettermiddag, det brøla mest overalt og etter ei stund høyrde og såg Emil og Asle ein bukk som hadde eit lite harem nesten inne ved Gamlestølskrærne. Asle brøla litt i den retninga dei såg dyra og der såg dei at bukken tok retning rett mot dei. Avstanden dit er vel omlag 1 km men denne avstanden har me klart å lokka bukk inn frå før så spenninga var stor for å sjå om det skulle lukkast denne gangen og. Det gjorde det, bukken kom etter ei stund brølande og stoppa på ei lita myr rett under dei, det tok nokre minutt før Asle fekk open sikt mot dyret men til slutt så viste det seg fram i ei opning og bukken datt rett ned. 

Asle med bukken oppå Endrefjellet

Emil var med som videofotograf og moralsk støtte :)