[ Tilbake ]

Kalv og bukk i Daurmåla i dag.

Ove reiste inn for å sjå om det var dyr på marka, det var det, han såg kolle og kalv umiddelbart men klarte ikkje å kome i posisjon til å skyte. Etter ei stund trakk dyra framover og vart ute av syne. Ei stund etter kom dei imidlertid igjen og Ove skaut kalven. Kolla sprang inn i skogen og vart gåande att og fram der ei stund, etter ei lita tid kom det ein rev der og kolla trakk opp i lia og gjekk heimover. Ove trudde ho skulle kome igjen men det gjorde ho ikkje så Ove trakk kalven bort til veden sin og gjorde seg ferdig med den. Då oppdaga Ove at det plutseleg stod 5 dyr ikkje lenger enn 80-90 meter frå han, No var det å få tak i rifla som han sjølvsagst hadde sett i frå seg ei stykke unna. Vel, han fekk tak i rifla att uten at dyra vart støkka og Ove valde seg ut ein liten bukk og felte denne.

Ove fekk omsider, med litt bal, kalven og bukken opp på ATVen og var klar for siste transporten av dyra