[ Tilbake ]

Fjorkolle i Daurmåla.

Ove ville prøve seg på morgonjakt i Daurmåla og i og med at det var lite med kolonnar i Frudalstunnellen måtte han køyre før hanen gol. Kolonnen gjekk kl 01:30 og Ove kom på plass ca kl 02:00. Opp med den termiske og der såg Ove 2 bukkar, ei kolle med kalv og eit ungdyr. Då var det berre å vente til det blei lyst om morgonen, Ove prøvde å sove i bilen men det var langt frå enkelt då han visste at det var fleire dyr berre ein 30-50 frå han. Då det endeleg lysna såpass at Ove meinte det var lyst nok så gjekk han ut av bilen og inn i popup teltet. Han hadde ikkje for vel lagt seg til rette så kjente han at han fekk vinden i ryggen og dermed forsvant dyra. Dett var dett, tenkte han og gjekk bort til bua for late att vindaugene der og då oppdaga han at det kom to dyr beitande framme ifrå, då var det berre å kome seg på plass att i teltet, han sprang bak alle rundballane og kom seg usett på plass att. Det gjekk ei lita stund så kom dyra beitande i det opne og dermed gjekk den eine fjorkolla i bakken.

Ove med fjorkolla på 47,5 kg