[ Tilbake ]

Spissbukk i Breli på dag 1.

Igjen klart for hjortejakt. Planen var at alle tre skulle reise inn i Supphelledalen og så overnatte på Fjellstødl, slik blei det ikkje då Ove klarte å pådra seg ei influensa to dagar før jakt skulle byrje. Dermed blei det berre to mann som reiste inn og overnatting på Fjellstødl blei skippa. Asle gjekk opp på Brehaugane medan Tormod held seg i meire heimelege områder. Ove fekk etter ei tid ei melding frå Tormod om at han oppe i baset i Brelid så vidt hadde sett det han trudde kunne vera kolle og kalv. Etter ei no ei stund kom det eit nytt bilete av det han meinte kunne vera ei fjorkolle. Noko meir skjedde ikkje før seint på ettermiddagen, då fekk Tormod sett ein liten spissbukk og denne blei med heim til "slakteriet". Asle fekk ikkje sett noko i det heile på Brehaugane, men uansett så vart det dyr også på denne sesongopninga

Absolutt ikkje noko topp bilete men dette er det einaste som vart teke