[ Tilbake ]

Spissbukk i Breli i dag

Medan Ove var på rådyrjakt i Larviksområdet og Asle ikkje hadde tid så tok Tormod seg ein tur åleine inn i Supphelledalen. I Brelid såg han kolle og kalv og to spissbukkar. Desse låg og hadde all verdens tid så det skulle ta si tid før Tormod kunne skyte den eine av bukkane. Ove fekk ei melding på SMS frå Tormod: "Luret på om det ikkje ligg ein borti her". "Ta han!" svarar Ove, men då Ove sendte den meldinga var han  alt skoten :) Den andre spissbukken orka nesten ikkje å reise seg frå der han låg, først då Tormod var omlag 50 m frå han stabla han seg på beina og gjekk vekk. Tormod fekk dyret ned åleine og fekk hengt det opp i "slaktehuset" og skinna det der. Dagen etter var Tormod og Ove inn og henta slaktet og fekk det til Sogndal.