[ Tilbake ]

Kolle og kalv i Daurmåla

Fullmåne og Ove måtte ta seg ein tur i bua i Daurmåla. Han køyrde innover i 21 tida, såg ikkje eit einaste dyr nokon stad då han køyrde inn. Vel installert i bua byrja han kikre på markene, ikkje eit dyr å sjå. Det har vist seg tidlegare at når det er 100% fullmåne har dyra ein tendens til ikkje å vilje gå ut i det opne så direkte overraska var Ove ikkje. Tida gjekk og i 22 tida såg Ove kolle og kalv kome ned frå hamralaget over Beitabakken, desse gjekk ned på flata og blei, pga skogen i framkant, borte frå synet til Ove. Då er det i hovudsak to val hjorten kan velje mellom; enten gå framover og bort frå Ove eller heimover til der bua står. Det varte og rakk men så såg Ove dyra kome i retning mot han, dyra stoppa ved dei siste trea før den opne marka og der blei dei ståande både vel og lenge men til slutt kom dei innpå, no dukka det og opp ein stor bukk, denne stoppa og like før det opne, denne var tydeleg skeptisk på å gå ut i det opne men til slutt kom ha. Kolla og kalven beita seg mot Ove og tilslutt stod dei vinkelrett på han og skota gjekk. Kolla var av dei større noko også kalven var, hhv. 74 og 37 kg.

 Ove med kolla og kalven i Daurmåla

Her er den store bukken komen utpå og viltkamera tok bilete av han