[ Tilbake ]

Bukken som ikkje visste han var daud

Nærma seg fullmåne og Ove tok turen til bua i Daurmåla. Været var bra men skodda kom og gjekk og til tider var det heilt umuleg å sjå noko som helst, men når skodda av og til forsvann så var det glimrande forhold. Det var ein 5-6 dyr der då Ove kom inn, alle bortsett frå ein bukk trekte framover då Ove sette seg inn i bua. Denne bukken gjekk så vidare heimover til naboen og der dukka det opp to andre bukkar og. Dei to største måtte slåst litt sjølv om brunsten var på retur. Den minste held seg klokeleg borte frå dei to kamphanane. Omsider trekte desse 3 bukkane framover mot Ove att og samstundes så kom det kolle og kalv framme i frå og eit kolle og kalv par heime i frå. Då vart det "folksomt" framom bua, ikkje mindre enn 7 dyr som beita der samtidig. Ove hadde sett seg ut den minste som var ein spissbukk. Ove skaut og då tok det heilt laust, alle dyra inklusiv bukken som var skoten, sprang tvers over bøen og inn i skogen. Var det eit dårleg skot og skulle det bli ettersøk? Ove venta ei stund før han gjekk over bøen og inn i skogen og takka vera den handholdte termiske kikkerten så fann Ove dyret, det var ikkje noko å seie på skotet så merkeleg var det at eit avslappa dyr kunne springe 250-300 meter med skote gjennom begge lungene. Vekta på bukken var 61 kg noko som må seiast å vera ei god vekt.