[ Tilbake ]

Eldre Bjåstadkolle som blei kassert

Tormod og Ove igjen på jakt, denne gangen på Bjåstad. Tormod plasserte seg til venstre i Bjåstadlia medan Ove gjekk framom Midtstødl på Berge. Det tok ikkje så altfor lang tid før Tormod kom inn på radioen og sa han hadde felt eit lite hodyr. Dyret virka heilt ok antemortem men det skulle vise seg at så var ikkje tilfelle. Den eldre kolla vog kun 38 kg. og totalt avmagra noko bileta under viser. Etter samtale med Mattilsynet i Førde blei denne kolla kassert.

 Tormod med den avmagra Bjåstadkolla

 

Ikkje mykje feitt til å skulle møte vinteren med her!

Den første hjorten me har skote som har vore  gjennomsiktelege