[ Tilbake ]

Daurmålsbukk

Diana hadde ikkje vist seg frå si beste side så langt i jakta for Ove, så denne gangen reiste Ove inn kl 03:00 om natta for å sjå om det var dyr på bøane. Det var det så då var det berre å vente til det blei skytelys men kl 07:00 reiste alle dyra til skogs og tomt vart det på bøane. Ove sat og venta fram til det vart skytelys omlag 07:30 men ingenting skjedde, dermed var slaget tapt fann han ut og byrja å pakke saman, men i det han skulle til å gå såg han plutseleg ein bukk kome framme i skogen, dermed blei det dyr likevel på han. Denne gangen hadde oryxen fragmentert seg men dyret datt likevel 5 m frå der det vart påskote.

 Ove med Daurmålsbukken