[ Tilbake ]

Fjorkolle og kalv i Bjåstadlia

Ettermiddagsjakt for Tormod og Ove i dag. Karane såg 3 dyr då dei kom inn så dei fann ut at skulle dei ha sjanse på desse så måtte dyra enten gå framover til venstre eller nedover i retning fjorden. Dermed blei det til at Tormod installerte seg litt til venstre i lia medan Ove sette seg nede i fjøsen. Det skulle ikkje ta så veldig lang tid før Ove tykte han høyrde eit skot, etter ei lita stund kalla Ove opp Tormod på VHF'en og då fortalte Tormod at kalven låg der men at kolla forsvann inn i tetta bjeffande. Etter å ha venta ei god stund for å sjå om kolla kom attende ville Tormod gi opp då kolla neppe ville kome igjen meinte han, men Ove fekk overtalt han til å bli sitjande litt til. Dette skulle løne seg for etter kort tid kom dei ei lita kolle gåande og då datt denne og.

 Tormod med kolledyret og kalven