[ Tilbake ]

Stor 6-taggar i Buskrea

Eirik kom på fredagsettermiddag, dermed blei det berre ein liten tur til Bjåstad den kvelden. Ingen ting å sjå der så vi returnerte heim. Morgonen etter stod vi opp halv 6 då planen var å kome inn til Mikkelstødl medan dyra fortsatt var i beitemodus. Vi kikra oss framover og då vi var komne til Buskrea trudde Ove han såg ein sau oppe i skreda, det var det ikkje, det var ein 6-taggar som stod der og beita. Ove sa at Eirik kunne skyte denne sjølv om det var ein bukk. Eirik lurte seg litt fram og snubla i framrykket, hjorten blei då obs. på oss men fortsatte å beite etter omlag 5 min. og dermed gjekk skotet. Så var det å få dyret ned att frå Buskrea, det tok sin tid. Etter å ha fått det ned på stien reiste dei heim for å hente ATV'en og vinsjen. Dyret blei vinsja ned til under Brehaugane der ATV'en stod.

Ein glad og fornøgd jeger

..men eit slit var det å få han ned