[ Tilbake ]

Kolle og kalv i Beitabakken

Ove låg over i bua natt til 2. sept., han såg då at det gjekk kolle og kalv opp Beitabakken om morgonen,  desse dyra ville Tormod og Ove prøve seg på til kvelden. Karane kom inn i 1/2 8 tida, etter ei stund fekk dei sjå kolla midtlies i Beitabakken, det tok ein time men ingen kalv var å sjå men då Ove var sikker på at kolla hadde kalv så måtte dei berre vente, etter 1,5 time fekk dei tilslutt auge på kalven høgt oppe under hamralaget. Denne hadde særdeles god tid til å gå nedover, noko som gjorde at karane måtte gi opp då det var begynt å mørkne så då var det berre å putle seg heimatt.

Dagen etter var karane på nytt på plass og no fekk dei sett både kolla og kalven, men den særs skeptiske kolla brukte uhorveleg lang tid for å bevege seg nedover, det teikna dermed dårleg denne kvelden og, men så fekk Ove sett ei ny kolle med kalv under hamralaget og desse hadde god fart nedover i Beitabakken, dei passerte dei andre to og kom ut over nokre sva der det ikkje var vegetasjon og dermed smalt det to ganger frå rifla til Tormod og kalven og kolla datt. Det skulle ta si tid for å finne dyra takka vera blom (bregner) og brennenesler som var omlag like høge som jegerane, men fann dei gjorde dei tilslutt og dermed var dyr nummer 3 og 4 (trudde dei) for denne sesongen i boks. Kalven måtte kasserast då han hadde ein byll mellom frambeina som hadde ein storleik som eit eple, dessutan var lymfekjertlane betente så denne var diverre ikkje menneskemat.

 Tormod med kolla, kalven som blei vraka er ikkje med på bilete