[ Tilbake ]

Kolle og kalv fremst i Fonnteigen

 I år starta vi sesongen på Berge. Asle gjekk opp mot Endrefjellet, Ove gjekk fram til oversprang nr. 2 framom Midtstødl medan Tormod var nede ved inntaksdemningen for å kikre etter dyr.  Asle såg ikkje dyr på andre sida av elva då han stoppa på veg opp til Endre men dette skulle endre seg. Etter litt oppdaga Asle eit einsleg dyr over elva og under Trygveholten, Ove hadde problem med å sjå dette men like etter såg Ove kolle og kalv på veg heimover, men han fekk ikkje reint skotbilde på desse så dei fekk gå. Ikkje lenge etterpå såg Asle eit nytt par med kolle og kalv, også desse på veg heimover. No sa Asle at Tormod fekk prøve å kome i posisjon litt lengre framme, noko han gjorde, no fekk også Ove sett desse dyra og samtidig smalt det i rifla til Tormod og kalven datt. Kolla snudde tilbake til der kalven datt og dermed datt kolla og. Det var absolutt ikkje enkelt å finne desse dyra då blomen og brennenesla var omlag 160 høge, men vi fann dei og dermed var det å få dyra ned att, noko som gjekk greitt denne gangen.

 Tormod med kolla og kalven