[ Tilbake ]

Morlaus kalv i Hovdali

 Nytt jag i Hovdali i dag. Tormod gjekk inn like over parkeringsplassen på Berge medan Ove gjekk inn litt høgre oppe i terrenget, på post gjekk Asle og Emil. Jaget hadde ikkje helde på lenge før Emil kom innpå og sa noko, det kvar vanskeleg å skjøne så etter ei lita tid kom Asle innpå og sa at han hadde skote ei fjorkolle. Ove sa til Asle at det kunne kome fleire dyr så det var berre å late dyret ligge så lenge jaget holdt på. Det kom ikkje fleire dyr og dyret som ein trudde var eit fjordyr viste seg å vera ein morlaus hannkalv. Dette er den 4. morlause kalven me har sett i år, 3 desse har me fått skote. Det er lite truleg at kollene til desse kalvane har daua ein naturleg død.

 Asle og Emil med kalven