[ Tilbake ]

Morlaus kalv i Fonnteigen

Jaktlaget ville i dag prøve på eit jag i Hovdali, Asle og Emil skulle gå opp til gapahuken i Hovdali, Tormod ned til granane over tunnelltaket og Ove inn ved Heimastødl. Medan Ove venta på at Tormod skulle starte jaget blei han plutseleg var eit mindre dyr litt oppe i Fonnteigen, dette dyret såg rett ned på han. Ove meldte frå på VHFen om dyret men karane fann ut at dyret nok ville fordufte før ein fekk rigga seg til så ein bestemte seg for likevel å starte jaget. ¨På jaget kom det storbukk fram til Asle men denne fekk passere då det var slutt på bukkeløyva på Berge. Etter jaget var avslutta gjekk Ove ned att til Heimastødl og der såg han at dyret framleis var oppe i Fonnteigen, men at det no hadde lagt seg. Så var det å få det på føtene då slik at ein kunne få eit velplassert skot i det. Tormod gjorde seg klar til å skyte men dyret såg ikkje ut til å vilje reise seg med det første. Ove sa då at han kunne prøve å ta eit skot litt framom dyret slik at det reiste seg. Ove skaut men dyret låg like godt, Ove skaut ei gong til men dyret låg framleis like godt, så skaut Ove eit tredje skot og no reiste det seg og Tormod skaut. Dermed hadde jaktlaget fått ein morlaus kalv og ikkje ei fjorkolle slik dei trudde det var.

 Morlaus kalv i Fonnteigen