[ Tilbake ]

Einsleg kalv i dag

Etter å ha ha sett denne morlause kalven fleire ganger på myra på andre sida av Midtstødl på Berge men aldri fått inn skot på ho så skulle det i dag lukkast. Ove hadde knapt kome på plass då han såg kalven og fekk inn eit skot på dyret. Dette er nok den kortaste jakta Ove så langt har hatt for å skyte eit dyr, det tok ikkje meir enn maks 5 minutt frå han kom på plass før dyret var skote. Tormod som og var med hadde ikkje fått skifta klær før Ove over VHFen sa at han hadde skote kalven. Kva som var årsaka til at denne var morlaus veit me ikkje. Var godt å få teke kalven då vi reknar med at den ikkje ville ha overlevd ein streng vinteren, slik som vintrane brukar å vere i Fjærland.

 Me fekk kalven til slutt