[ Tilbake ]

Spissbukken til Asle og Emil

Asle og Emil ville i dag prøve å gå opp Bjåstaddalen så vidare opp og fram til Fjellhammaren og smygjakte seg framover i Storali. I dag snødde oppe i fjellet og der oppe såg dei omlag 10 dyr, deriblant denne spissbukken som prøvde seg på ei fjorkolle men med heller dårleg resultat. Asle skaut spissbukken medan fjorkolla berre fortsette å beite, den forsvann først då Emil reiste seg opp. Så var det å få spissbukken ned att, det skulle vise seg å ta 3 og 1/2 time, det blir sagt at Asle trengte visst ikkje å trene meir i dag :)

Asle med spissbukken, spissbukken fortsatt med bast i dag den 13. oktober

Emil kikrar på spissbukken og ei fjorkolle