[ Tilbake ]

8-taggar under Trygveholten

Eirik og Ove hadde vekkarklokka på 06:00 og like etter var dei på veg til Berge. Dei gikk opp i tussmørket og kom seg på plass på dei to plassane dei hadde tenkt seg. Dei såg ikkje dyr nokon stad og Eirik vart skeptisk på om det vart dyr å sjå i dag, men Ove sa at han berre måtte vente for dyra var i ro no. Ein halvtime etter såg Ove det første dyret og etterkvart såg også Eirik fleire dyr, men ingen var på skothald til nokon av dei. Etter endå ei stund såg Ove ein bukk rett overfor seg, den hadde kurs mot Eirik og Ove gav beskjed til Eirik at no kom det antakeleg eit dyr rett mot han. Det skulle ikkje ta lang til før Eirik sa: "Jeg ser en bukk, kommer den nærmere så skyter jeg". Ove spurte om det var ein stor bukk, Eirik svarte at han trudde det var ein 6-taggar og då gav Ove beskjed om at det berre var å skyte. Ikkje lenge etterpå gjekk skotet og bukken datt. Det skulle vise seg at det var ein 8-taggar, men det var heilt flott så lenge det ikkje var ein storbukk.

 Eirik og Daurmålskolla

Ikkje berre å skyte, må slakte og