[ Tilbake ]

Spissbukk oppe i Bjåstaddalen

Ny dag nye mulegheiter og dyr blei det, ein fin spissbukk blei dagens resultat. Men fy f.. til terreng å få spissbukken utifrå. Å dra eit dyr i skråterreng i minst 1 og 1/2 time før me kunne begynne å dra den nedover er absolutt ikkje å anbefale. Ein av oss kom med fylgjande kommentar: «me hiver han ned i fjorden så er me ferdige med han», det seier sitt. Elles var det igjen Eirik som fekk uttelling, i dag fekk han sin første spissbukk, så no har han i løpet av eit par sesongar fått skutt kolle og kalv, bukk og spissbukk, han manglar kun fjorkolle no

 Eirik med Bjåstadspissbukken