[ Tilbake ]
8-10 taggar på Endrefjellet
Jakt på Endrefjellet i dag med brølekonsert overalt. Jakta blei i høgste grad vellukka. Ove hadde med nevø Eirik frå Larvik og i dag vart det han som fekk bukken. Eirik brøla og bukken svarte 7-800 m borte, deretter kom bukken som ei kule mot han og måtte bite i graset. Det blei litt hektisk for Eirik ei stund då det samtidig kom ein anna bukk rett mot han, denne klarte Eirik å skrike/veive vekk. Mange gratulasjonar til Eirik. Har han ikkje vore heilfrelst på jakt før så blei han i allefall det no i kveld |
|
Eirik med 8-10 taggaren |
![]() |
Ingen lett transportetappe, noko ein ser av dei innbitte ansikta til Eirik og Asle |