[ Tilbake ]

Fjorkolle under Trygveholten

Asle og Ove ville i kveld prøve seg på Berge, Ove ville legge seg slik at han såg over på den store myra på andre sida av elva medan Asle ville gå framover mot Fjellstødl for å setje seg der. Ove såg kolle og kalv gå i retning mot Asle og gav beskjed om desse til han, ei lita stund seinare såg Ove nok eit dyr og dette var mykje nærare der Asle sat. Det tok ikkje så lang tid frå Ove varsla om dette dyret til det gjekk eit skot og Asle hadde fått seg ei lita fjorkolle. Asle gjekk ove Besselva og drog dyret ned til inntaksdammen til kraftverket, der dei gjorde dyret klart til å bli henta den påfylgjande dagen

 Asle med den vesle fjorkolla