[ Tilbake ]

Kolle i Daurmåla

På laurdagsettermiddag ville Tormod inn for å kikre etter hjort, Ove sa at han ville vera med så då var det avgarde til Supphelledalen. Vi såg tidleg nokre dyr i Brelid  og Tormod satsa på å få tak i ei kolle med kalv. Det skulle vise seg å ta si tid før han fekk reint skotbilete på kalven, men då kalven først var felt flytta kolla seg litt og dermed blei det reint skotbilete på ho og. Det skulle vise seg at å finne dyra oppe i Brelid var ingen lett match. Kolla fann ein relativt kjapt men kalven fann vi først etter at det var blitt mørkt. Då var det berre å vomme ut og så ta dyra ut på søndagen, dendagen vart også Asle og Emil med. Kolla fann ein relativt raskt att då og men med kalven skulle det igjen ta tid, men til slutt fann ein den og. No var det å buksere dyra ned att i jungelen, noko som gjekk nokonlunne greitt. Det blei diverre ikkje teke bilete av skyttaren og dyra så difor blir det berre eit bilet av skyttaren der han held på og få kolla ned.

 Tormod med kolla under transport i junglen

Dyra omside komne ned til veg