[ Tilbake ]

Fjorkolle i Daurmåla

Eirik kom frå Larvik for å vera med på hjortejakt nokre dagar. Første kvelden dro Eirik og Ove inn i bua i Daurmåla. Dei hadde ikkje sete der lenge før Ove såg to jamstore dyr inne i skogen. Det tok sin tid men til slutt kom det eine nett ut av skogen medan det andre trekte opp mot lia. Klokka var 21:10 då skotet gjekk og Eirik hadde fått ei fjorkolle. Ove var sikker på at ingen av desse to kollene hadde kalv men for sikkerheits skuld skar Ove opp juret og som venta var dette tomt. Fjorkolla var feit som ein julegris.

 Eirik og Daurmålskolla