[ Tilbake ]

Spissbukk framom tunnellen mot Storali

Tormod og Ove hadde prøvd seg på laurdagen, men på trass av mange dyr å sjå så vart utbytte null. Dei bestemte seg difor for å reise tidlegare inn søndagsmorgonen for å sjå om det kunne vera betre. Dei reiste avgarde kl 08:00 og då dei kom inn såg dei dyr stå å beite både framme i retning Storali og i Bjåstadlia. Karen fann ut at han ville prøve seg på spissbukken og det skulle gå veldig greit. Etter ein knapp time datt spissbukken. Ikkje den største spissbukken, kun 45 kg så denne gjekk på skrapdyrkvoten og me fekk eit nytt spissbukkløyve etter godkjenning av Anders Skarestad

 Tormod med dagens første dyr