[ Tilbake ]

Kolle i Bjåstadlia

Tormod observerte ei kolle som han trudde kanskje kunne ha kalv så Ove vart bedd om å sjekke om så var tilfelle. Ove brukte kikkerten vel og lenge men kunne ikkje sjå noko kalv i nærleiken av kolla. Ove garanterte Tormod om at ho ikkje hadde kalv og då garantien var gidd så gjekk det ikkje så mange minuttane før kolla fall. Dermed var dyr nummer to for dagen lagt i bakken og me hadde fått oss ny rekord i talet på hjort felt i ein sesong. Ove hadde orda sine i behold, då vi skar opp juret så var dette tomt for mjølk, antakelegvis har dette kolla som me hadde skote kalven til i september, ikkje rart ho var feit, så bilete nederst.

 Tormod og ei flott kolle som ikkje hadde mjølk i juret og som var lovleg feit

Her er kolla vår til venstre og ei Kaupangerkolle til høgre, er litt forskjel på dei