[ Tilbake ]
Måneskinnsbukk
Etter at alle i jaktlage hadde brukt ein god del av dagen på Berge, der vi hadde jag i Hovdali og som ikkje resulterte i noko ting, bestemte Ove seg for å prøve måneskinnsjakt i Supphella. Det var heller dårleg lys då Ove kom inn og ikkje såg han eit einaste dyr, dvs. han fekk auge på to røver det var alt. Men då klokka gjekk mot 11 såg han dyr kome ned i Kvannskrea hjå Ingvard, desse dyra gjekk dels å beita hjå Ingvard og dels nederst hjå André, fram til Ove ville dei ikkje. Omlag halv eitt trekte alle dyra plutseleg vekk frå jordet og opp att i skreene. Ove trudde dermed at løpet var køyrd for natta og byrja å pakke saman men plutseleg ser ha to dyr kome rett mot seg. Dyra passerte merkjesgjerdet og då såg Ove at dette var to små bukkar. Den eine hadde knapt noko oppå hovudet i det heile medan den andre såg ut slik ein spissbukk skal vera. Ove skaut den eine og let den andre gå, han fann ut at å hanskast med eit dyr åleine måtte vera nok. |
|
Var tilnærma umuleg å ta bilete då alle bileta fekk noko som såg ut som skodde/tåke på seg, så difor blir det med dette bilete |
|
Greit spissbukkslakt, godt 55 kg. Kanskje for spesielt interesserte, men slik såg slaktet ut etter skinning |