[ Tilbake ]

Eldre bukk i Daurmåla

Andre natta på rad at Ove prøvde seg på måneskinnsjakt, første natta var resultatlaus, tåka låg tjukk over heile dalen noko som gjorde det vanskeleg å sjå om det kom dyr, men ei kolle med kalv kom nær bua men desse hadde vi ikkje fleire løyver på. Andre natta sette Ove seg inn i Vetleløa, men ingen dyr kom fram til kl 12 så då bestemte Ove seg for å gå bort i Daurmåla for å sjå om det kunne kome dyr der. Han såg fleire dyr lenger heime i dalen og ein bukk i enden av marka der bua står. Dette dyret trekte heimover mot dei andre, dette tykte ikkje bukken som passa på kollene på naboterrenget var nokon god ide og jaga dermed bukken oppover mot Ove igjen. No kom bukken inn på marka det Ove var, omlag 160 m frå han men den gjekk framover og skrådde mot Ove. Då avstanden kom ned til 100 meter skaut Ove, bukken sprang 40-50 meter før han la seg til ro.