[ Tilbake ]

Storbukk i Daurmåla

Ove ville i kveld overnatte i Daurmåla for å sjå om han kunne få seg ein hjort i måneskinnet eller tidleg om morgonen. Månen kom først fram i 2-toda og det første Ove fekk sett var ein rev som gjekk og surra godt 100 meter frå bua. Ove som og hadde med seg 17 HMRen tok fram denne og skaut reven. Nokre timar seinare kom det ein bukk gåande ikkje så langt frå bua, no var det dags for 308en og bukken, som ikkje datt i skotet, gjekk ustødig vidare ein ca 50 meter før han datt overende. Deretter var det å ringe Pekka som kom med traktoren og fekk køyrt dyret til slakteriet. Det skulle ta sin tid før Ove fekk gjort seg ferdig med bukken og kunne reise heim att

Rart at det var så lite brunst i ein såpass stor bukk