[ Tilbake ]

Kalv på Endrefjellet

Då skulle Eirik få debutere som hjortejeger på Endrefjellet. Vi reiste tidleg opp, Ove sette seg litt inn på fjellet medan Eirik gjekk over elva og posta der. Vi sat temmeleg lenge men såg ikkje eit einaste dyr nokon stad, så då det byrja å skymest gjekk Ove ned att eit stykke for å sjå om han kunne sjå om det i det heiletatt var dyr i terrenget. Etter ei stund oppdaga Ove at det kom kolle og kalv i retning frå Fjellstølen, men frå der han såg dei og til der Eirik posterte er det vel nærare ein kilometer. Ove oppdaterte Eirik kontinuerleg om situasjonen til dyra. Langt om lenge kom kalven som ein rakett mot Eirik medan kolla kom eit stykke bak. Eirik skaut kalven som datt i smellen, kolla blei dessverre vâr Eirik så ho kom aldri på skothald, men uansett ei vellukka jakt.

Jammen blei det ein Endrekalv på Eirik

Han må jo lære seg å slakte og

Og så må han jo arbeide litt for å få jakte :)