[ Tilbake ]

Spissbukk langt opp mot Nyastølseggi

Tormod, Asle og Ove ville prøve Berge i dag. Vi observerte kolle og kalv oppmot Nyastølseggi så Ove gjekk over elva og under Trygveholten på motsatt side av Midtstødl for om muleg skyte dyra dersom dei blei løyste og for nedover, noko dei av og til gjer. Det må seiast at då Ove held på å ta på seg litt meire klær så såg han plutseleg ein del dyr rett over seg på ein 70-80 meters hald men dei hadde nok sett Ove før Ove såg dei så vekk var dei. Tormod og Asle gjekk opp på Endrefjellet og Asle skulle prøve å gå opp mot Nyastølseggi for å løyse dyra (vi oppdaga samtidig fire fenabeist langt oppe i lia der). Då Asle skulle til å gå oppover mot eggi, såg dei og eit tredje dyr der. Asle gjekk oppover, då trekte kolla og kalven vekk medan det tredje dyret, som var eit fjordyr, var der fortsatt. Asle gjekk vidare oppover med vegleiing av Tormod som sat nede på Endrefjellet og kikra. Det er veldig tett av kratt oppi der så Asle var helt nøydd til heile tida å bli retningsdirigert. Etter ei god stund kunne ein no på radioen høyre Tormod seie at no var det berre ein 30-40 meter frå fjordyret og til der Asle stod, men Asle klarte fortsatt ikkje å få auge på det. Asle bestemte seg til slutt berre for å løyse dyret og få det nedover enten mot Tormod eller Ove. Han gjekk frampå ein liten hammar og rett under den der stod spissbukken, omlag 5 meter frå Asle, no tok spissbukken beina fatt, men stoppa etter 40-50 meter og dermed fekk Asle inn eit skot på han.

Då dette blete vart teke hadde Asle alt drege dyret eit godt stykke nedover lia