[ Tilbake ]

Kolle og kalv i Hesjebakkane

Tormod og Ove tok turen til Supphella i kveld. Tormod gjekk fram til Hesjebakkane medan Ove sette seg i bua i Daurmåla. Ove fekk tidleg melding frå Tormod om at han såg kolle og kalv høgt i Hesjebakkane, desse beita seg etter kvart noko nedover og Tormod skaut kalven. Det neste som skjedde var at Ove fekk ei ny melding frå Tormod: "Skal eg skyte kolla og?". Ove svarde: "Berre skyt ho". Dermed smalt det på nytt og kolla datt. Tormod gjekk no opp for å vomme ut, då det var gjort let han slakta ligge til neste dag då det no etter kvart var byrja å bli skymt. Dagen etter reiste Asle og Ove inn for å få slakta ned og transportere dei til "slakteriet" der Tormod no var komen og tok seg av skinninga og opphenging av slakta, dette medan Asle og Ove køyrde heim igjen.

Selfie av Tormod og kolla

Asle nesten komen ned til flatmark med kolla.