[ Tilbake ]

Fjorkolle på Brehaugane

Det skulle ikkje ta meir enn eit par dagar før det var dags for ei ny fjorkolle på Brehaugane. Den forrige fjorkolla vi skaut på Brehaugane var ikkje meir enn 40 kg,  så dermed fekk vi eit nytt fjorkolleløyve då vektgrensa for skrapfjorkolle er 45 kg. Denne derimot var omlag 50 kg og klart over skrapgrensa. Asle gjekk på Brehaugane medan Ove sette seg i bua i Daurmåla. Asle hadde ikkje for vel sett seg ned før han blei vâr ei fjorkolle som stod roleg å beita omlag 110 m frå han. Dermed gjekk skotet, etter dette kom Tormod, som var på Bjåstad; å hjelpte til med å få ned dyret til Vaothamrao (som brua heiter). Dagen etter vart Ove med inn og hjelpte til for å få ho ned "slaktehuset" og gjorde ho klar til vidare transport til Sogndal.

I og med at Asle var åleine på Brehaugane og ikkje tok selfie og det ikkje vart teke bilete etter at Tormod kom opp der,så må vi her bruke gamalt bilete