[ Tilbake ]

Fjorkolle på Brehaugane

Brehaugane har for oss vore ein god plass å jakte så Asle bestemte seg for å gjere eit første forsøk der i dag, Emil var med i dag og det var og han som oppdaga kolla, det same skjedde i fjor, då var det og Emil som først oppdaga dyret som Asle skaut på same plassen. Ein ivrig kar dette og som ganske sikkert ein dag vil bli ein god jeger. Vel Asle og Emil sette seg i gapahuken og hadde knapt vore der i 20-30 minuttar då fjorkolla kom ut frå granane, Emil gav beskjed om dyret og Asle skaut. Deretter sa Emil: "Pappa, pappa, det kjem eit dyr til", men Asle kunne ikkje skyte dette då han endå ikkje hadde sett om fjorkolla var dau så dermed fekk dette dyret gå. Etter at dyret var felt drog Asle fjorkolla ned til Heimastølen der Pekka og Ove stod med bilen. Fjorkolla opp i bilen og ned til slakteriet vårt. Asle og Emil var pissblaute så Ove tok seg av dyret, fekk skinna det og hengt opp.

 

Fjorkolla tok seg eit siste bad

Emil med fjorkolla

Ikkje redd litt blod denne karen!